Velkommen til oss i Preg barnehager Vestnes

Preg barnehager Vestnes er ein barnehage med kristent formål som ynskjer å ha ein tydeleg kristen profil der alle kjenner at dei høyrer til og vert verdsett for den ein er.

Vi ynskjer å være: 

• ein plass for kristen verdiformidling
• ein plass for leik og fellesskap
• ein plass for opplevingar og læring

Vi ønskjer å bidra til ei danning der det kristne menneskesynet står sentralt. På denne måten vil vi også vere ei hjelp til foreldra når det gjeld å følgje opp dåpsforpliktinga.

Barnehagen ligg fint til like ved sentrum i Vestnes kommune, men samtidig landleg. Vi har fjorden like nedanfor oss, og har fri tilgang til fjøra. Vestheim leirstad, som og drivast av Misjonssmbandet (NLM) ligg rett over vegen. Vi nyttar uteområdet deira når vi vil og har moglegheit til å ha m.a. sommaravslutning og andre arrangement der når vi ynskjer. I tillegg har vi tilgang til ein liten skog rett utfor gjerdet og ei fotballbane og akebakke rett på baksida av barnehagen. Vi er mykje ute i vår barnehage og ynskjer at barna skal få kjenne på meistring gjennom kroppsleg aktivitet.

Vi har eit stort fokus på trivsel og ynskjer at alle skal kjenne seg verdsett for den ein er, både barna, foreldra og dei tilsette. Vi har ein visjon " Sammen om å sette verdifulle spor" og har jobba mykje i personalgruppa med å gjere denne levande og synleg i kvardagen. 

Ved å sjå i årsplana vår kan ein få eit større innblikk i korleis vi jobbar og kva vi har fokus på dette barnehageåret.