Handlingsplan mot mobbing i barnehagane i Vestnes

Her ligg handlingsplana mot mobbing for barnehagane i Vestnes kommune. Den er ein forpliktande plan for kommunale og private barnehagar i arbeid med å førebygge, hindre og oppdage mobbing i barnehagane. Målet med plana er å synleggjere korleis barnehagane arbeider førebyggande mot mobbing i barnehagen, samstundes som den skal vere eit verkty til hjelp når mobbing, utestenging og trakassering blir oppdaga.