Tryggheim barnehage, Vestnes

Tryggheim barnehage Vestnes er ein privat barnehage som ligg sentrumsnært, men samtidig fint og landleg til på Hagneset i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Vi har to avdelingar i barnehagen, Blåklokka (2- 5 år) og Marihøna (1-3 år) med til saman 48 plassar.

Fram til januar 2023 var barnehagen vår ein del av NLM- barnehagene AS, men pga. føringar frå staten måtte alle private barnehagar frå 01.01.2023 bli eit eige rettssubjekt. Dette førte til at vi ikkje lenger kunne være ein del av eit større AS eller kjede, men bli eit eige AS. På bakgrunn av dette fekk barnehagen frå 01.01.2023 nytt namn, og heiter no: NLM- barnehage Tryggheim Vestnes AS. Sjølv om vi ikkje lenger er eit felles AS er vi framleis knytt saman med dei andre NLM- barnehagane i landet. Vi har ein felles overordna administrasjon som arbeider for at vi skal kjenne på eit fellesskap og ha ei tilhørigheit til kvarandre, og vi er medlem i PBL (Private barnehagers landsforbund).   

Lov om barnehagar med forskrifter og Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver bestemmer innhald og rammer for barnehagen vår. I samsvar med barnehagelova si §1a andre ledd vert barnehagen dreve med kristent føremål.

Vi ynskjer å vere ein barnehage der alle føler seg verdsett for den ein er og sjå alle som like verdifulle.

Visjon: "Sammen om å sette verdifulle spor"

Ved å sjå i årsplana vår får ein vite litt meir om arbeidet vårt. Den ligg her på heimesida på forsida og under fanen "planar". 

                                         

Velkommen til å søkje plass i vår barnehage!

Vi har felles opptak med Vestnes kommune, og søknadsfristen er 1. mars kvart år.