Tryggheim barnehage Vestnes er ein av 35 barnehagar i Norge som drivast av NLM- barnehagene AS på vegne av Norsk Luthersk Misjonssamband. I tillegg driv NLM 8 barnehagar aleine eller i samarbeid med andre organisasjonar. NLM- barnehagane er eit ikkje- kommersielt selskap. Eventuelle overskott skal brukast til å utbetre og styrke medlemsbarnehagane.
Lov om barnehagar med forskrifter og Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver bestemmer innhald og rammer for barnehagen vår. I samsvar med barnehagelova si §1a andre ledd vert barnehagen dreve med kristent føremål.
Vi ynskjer å vere ein barnehage der alle føler seg verdsett for den ein er og sjå alle som like verdifulle.
Visjon: "Sammen om å sette verdifulle spor"
Ved å sjå i årsplana vår får ein vite litt meir om arbeidet vårt. Den ligg her på heimesida under fanen "planar".
Velkommen til å søkje plass i vår barnehage!