Tryggheim barnehage, Vestnes

Tryggheim barnehage Vestnes er ein privat NLM- barnehage som ligg sentrumsnært, men samtidig fint og landleg til på Hagneset i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Vi har to avdelingar i barnehagen, Blåklokka (3- 5 år) og Marihøna (1-3 år) med til saman 48 plassar.

Tryggheim barnehage Vestnes er ein av 33 barnehagar i Norge som drivast av NLM- barnehagene AS på vegne av Norsk Luthersk Misjonssamband. I tillegg driv NLM 7 barnehagar aleine eller i samarbeid med andre organisasjonar. NLM- barnehagane er eit ikkje- kommersielt selskap. Eventuelle overskott skal brukast til å utbetre og styrke medlemsbarnehagane.

Lov om barnehagar med forskrifter og Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver bestemmer innhald og rammer for barnehagen vår. I samsvar med barnehagelova si §1a andre ledd vert barnehagen dreve med kristent føremål.

Vi ynskjer å vere ein barnehage der alle føler seg verdsett for den ein er og sjå alle som like verdifulle.

Vår visjon: "Vi set spor det er verd å følgje"

Ved å sjå i årsplana vår får ein vite litt meir om arbeidet vårt. Den ligg her på heimesida under fanen "planar". 

                                         

Velkommen til å søkje plass i vår barnehage!